2025

Digitalt håndverk – levert fra Norge!
Design med driv!
Kvar dag søker folk etter tenester du kan levere, men finn dei deg? Er du klar for å vise deg fram?
Ta kontakt for eit heilt nøyaktig tilbod
Eg lagde denne nettbutikken for ein klesaktør, sjølv om eg vanlegvis jobbar med nettsider for folk som deg
– handverkarar som treng ei enkel, profesjonell og praktisk nettside. Poenget med å vise dette prosjektet er å vise at eg har kontroll på det tekniske, kan lage stilreint design, og byggje nettsider som fungerer godt på både mobil og PC. Uansett bransje er målet mitt det same: å gjere deg synleg og truverdig på nett.
Du har drive lenge nok utan ei skikkeleg nettside. Tida er inne for å vise kven du er, og gjere det lett for kundane å velje deg.
Jørgen Sollid
Det heile starta då eg var 13 år og laga mitt første klesmerke. Sjølv om det prosjektet aldri tok heilt av, så tente det ein gnist – ei ekte interesse for webdesign og det å skape noko frå botnen av.
No, fleire år og mange timar med læring seinare, har eg bestemt meg for å satse. Eg er no i starten av reisa mi som webdesignar, parallelt med at eg er elekrtikarlærling. Derfor har eg valt å fokusere på ei nisje eg verkeleg brenn for: Handverkarfag.
Målet mitt er å lage nettsider som er like solide og praktiske som arbeidet du legg ned kvar dag. Enkle å bruke, fine å sjå på – og ikkje minst, noko du faktisk kan vere stolt av å vise fram.
Dette er starten for meg – men eg gjer alt eg kan for å levere noko skikkeleg, og håpar å få bli med på å bygge di digitale verktøykasse.
Nok prat! det er på tide at du får ei nettside som er like solid som arbeidet ditt. Skal vi sette igang?


